torsdag 18. november 2010

Oppsummering

Om eg har hatt nytte av kurset? JA! So mykje eg ikkje var sikker på, visste kva var, hadde gløymt at eg hadde prøvd før som er 2.0 osv.
Seier berre tusen takk for at det blei eit kurs for oss i biblioteket, at det ikkje kostar meir enn at vi har peng til å delta. Eg skulle gjerne ha vore ein ivrigare elev, både for å lære meir, og for å kunne lære vidare. Men denne hausten blei litt spesiell for meg, og innsatsen deretter.
Flott at bloggen til kurset blir liggande, slik at eg kanskje kan gå tilbake og sjekke ut "oppskrifter" på korleis vi kan løyse ulike utfordringar seinare.

Verktøy som overraksa / vil bruke vidare?
Morsomt å oppdage kor lett ein kan legge ut filma frå Youtube. iGoogle var jo kjempesmart! Google.docs har eg ikkje nytta meg av sjøl, men kan sikkert være nyttig ....selv om det virka litt dumt å måtte vente i timer på å få redigert eit dokument.
Facebook bruker Sogndal bibliotek i dag. Vi har klart å lage ei side pga. kurset. Utan kurset, ville vi ikkje visst om kor uheldig det er med profil contra side.

Vi jobbar med å få nye heimesider for tida. Det blir spennande å sjå kva for ei utforming / moglegheiter den sida får.
Så får vi sjå om det blir kapasitet til å følgje opp 2.0 program i biblioteket framover utover FB og Origo. Reknar med at heimesida lettare kan henvise til slike nettstader i alle fall!

onsdag 10. november 2010

YouTube


Dette ser atskillig tryggare ut enn det eg er vant med... ingen brukne bein eller brannsår på knær og armar!

torsdag 28. oktober 2010

Origo

Hei igjen!
Origo, ja kva var no det igjen? Fant eit gammalt innlegg frå meg frå i fjor. Eg ynskja å fortelje om eit arrangement som vi hadde i fjor haust på biblioteket, og gjennom Sogn Avis si nettside kobla eg meg opp. Eg tykte nok det var skummelt, men det skjedde vel ikkje noke spesiellt i grunnen. Kanskje var det noken fleire som såg at Sogndal bibliotek arrangerte eit møte? Vanskeleg å vite, men det er klart jo fleire plassar vi annonserar - jo større sjangs er det at vi blir lagt merke til i alle fall.
Men eg må sei at eg glømte nok Origo dei neste gongene eg skulle ha arrangement. Det er utruleg mange plassar å halde styr på. Eg må nok lage ei sjekkliste over alle dei moglehetene me har til å nå ut til folk.

torsdag 21. oktober 2010

Facebook

Har nett lært at det er forskjell på personleg profil og side. Her har Sogndal bibliotek ein ryddejobb å gjere.
Eg har jo ikkje akkurat oversikt over alle FB-ord, så det er stadig noke nytt å bli klar over. Men ser at det skal bli veldig greit å slippe "gjeremåla" til venene våre. Det er jo ikkje det vi skal følge opp på jobb, men bibliotekfaglige spørsmål og meldingar..
Men - Sogndal bibliotek oppretta altso ein gong i 2009 ei "personleg " FB-side. Mange legger oss til som vener, vi får kommentarar på enkelte arrangement vi har, m.m. Vi har nok ikkje vore systematiske på å fylgje det opp med daglige sjekk, så det har nok stranda av og til med chattefunksjonen. Men e-postene sjekker vi no dagleg.
Eg meiner vi får formidla våre arrangement gjennom FB, og vi får sjølve info til idear frå andre bibliotek.

onsdag 20. oktober 2010

Nettsamfunn

Eg likte begge artiklane vi skulle lese igjennom. Tykte det er rett at vi blir personlege utan å være private.
Ei venninne av meg fant ut at ho ikkje har noke å skjule. Legger ut bilete frå turar ho har vore med på, og fortel gjerne om ting ho vil delta på - ofte med invitasjon til at andre kan bli med, utan meir formell kontakt.
Det er jo noke besnærande ved å inkludere alle - då er det opp til dei som les, å ta neste steg. Og so langt har ho ikkje negative erfaringar. Sjølv er eg lite delaktig. Har ikkje profilbilete eingong!
Men tenkjer eg, ein må jo ta seg tid til alt dette her. Og har vi tid? Kva for anna jobb blir nedprioritert?

På Sogndal bibliotek har vi facebook- side. Og eg ser det er rimeleg lett å hugse på å legge inn eigne arrangement. Vi skal annonsere og då tek vi turen innom FB også. Men så kan det gå dagar utan at vi er innom - så gode rutinar på å sjekke kva andre vener lurer på er vi ikkje like flinke til å følgje opp.
Nå skal eg ikkje svare for alle mine kollegaer, men sjøl er eg lite flink i alle fall.

Sosiale bokmerker

På heimesida kan ein jo tilby mangt. Og det å få andre sine bokanmeldingar, med stadige oppdateringar må jo være glimrande. Vi kan ikkje tilby stadig påfyll av bokmeldingar - så henvising til bokelskere bl.a. blir nok aktuellt.
Det går litt kjapt i svingane her no... heng med!

Nyheitsstraumar og iGoogle

Har sett igjennom oppgåvene for forrige veke, og ja - dette blir ein annan og betre form for favorittar.
Veldig grei forklaring - og så var det berre å prøve seg fram.
Har liten tid før kurset i morgon - så eg hopper meg vidare til denne vekas heimelekse!