torsdag 28. oktober 2010

Origo

Hei igjen!
Origo, ja kva var no det igjen? Fant eit gammalt innlegg frå meg frå i fjor. Eg ynskja å fortelje om eit arrangement som vi hadde i fjor haust på biblioteket, og gjennom Sogn Avis si nettside kobla eg meg opp. Eg tykte nok det var skummelt, men det skjedde vel ikkje noke spesiellt i grunnen. Kanskje var det noken fleire som såg at Sogndal bibliotek arrangerte eit møte? Vanskeleg å vite, men det er klart jo fleire plassar vi annonserar - jo større sjangs er det at vi blir lagt merke til i alle fall.
Men eg må sei at eg glømte nok Origo dei neste gongene eg skulle ha arrangement. Det er utruleg mange plassar å halde styr på. Eg må nok lage ei sjekkliste over alle dei moglehetene me har til å nå ut til folk.

torsdag 21. oktober 2010

Facebook

Har nett lært at det er forskjell på personleg profil og side. Her har Sogndal bibliotek ein ryddejobb å gjere.
Eg har jo ikkje akkurat oversikt over alle FB-ord, så det er stadig noke nytt å bli klar over. Men ser at det skal bli veldig greit å slippe "gjeremåla" til venene våre. Det er jo ikkje det vi skal følge opp på jobb, men bibliotekfaglige spørsmål og meldingar..
Men - Sogndal bibliotek oppretta altso ein gong i 2009 ei "personleg " FB-side. Mange legger oss til som vener, vi får kommentarar på enkelte arrangement vi har, m.m. Vi har nok ikkje vore systematiske på å fylgje det opp med daglige sjekk, så det har nok stranda av og til med chattefunksjonen. Men e-postene sjekker vi no dagleg.
Eg meiner vi får formidla våre arrangement gjennom FB, og vi får sjølve info til idear frå andre bibliotek.

onsdag 20. oktober 2010

Nettsamfunn

Eg likte begge artiklane vi skulle lese igjennom. Tykte det er rett at vi blir personlege utan å være private.
Ei venninne av meg fant ut at ho ikkje har noke å skjule. Legger ut bilete frå turar ho har vore med på, og fortel gjerne om ting ho vil delta på - ofte med invitasjon til at andre kan bli med, utan meir formell kontakt.
Det er jo noke besnærande ved å inkludere alle - då er det opp til dei som les, å ta neste steg. Og so langt har ho ikkje negative erfaringar. Sjølv er eg lite delaktig. Har ikkje profilbilete eingong!
Men tenkjer eg, ein må jo ta seg tid til alt dette her. Og har vi tid? Kva for anna jobb blir nedprioritert?

På Sogndal bibliotek har vi facebook- side. Og eg ser det er rimeleg lett å hugse på å legge inn eigne arrangement. Vi skal annonsere og då tek vi turen innom FB også. Men så kan det gå dagar utan at vi er innom - så gode rutinar på å sjekke kva andre vener lurer på er vi ikkje like flinke til å følgje opp.
Nå skal eg ikkje svare for alle mine kollegaer, men sjøl er eg lite flink i alle fall.

Sosiale bokmerker

På heimesida kan ein jo tilby mangt. Og det å få andre sine bokanmeldingar, med stadige oppdateringar må jo være glimrande. Vi kan ikkje tilby stadig påfyll av bokmeldingar - så henvising til bokelskere bl.a. blir nok aktuellt.
Det går litt kjapt i svingane her no... heng med!

Nyheitsstraumar og iGoogle

Har sett igjennom oppgåvene for forrige veke, og ja - dette blir ein annan og betre form for favorittar.
Veldig grei forklaring - og så var det berre å prøve seg fram.
Har liten tid før kurset i morgon - så eg hopper meg vidare til denne vekas heimelekse!

tirsdag 19. oktober 2010

Direkte kommunikasjon.

Hei igjen!
Har hatt ein flott haustferie langt vekk frå kursing og heimelekser.
Eg likar å feriere utan for mykje tekniske dubedittar - så då kunne me berre ha det so godt. Både Kielferga og Danskebåten tilbyr ikkje lenger anna ein trådlaust nettverk. So ta med laptop'en for dere som er avhengige...!
Direkte kommuniskasjon har eg ikkje so mykje eigenerfaring med. Det vil seie med ungdom og born i hus så har eg både skypa med "over there" venninnene til dottera mi (bak skuldra hennar), og stadig vore vitne til MSN prat som sonen min driv med (istaden for lekser???) samtidig som han høyrer på musikk og finn ut "alt om" vulkanar på nettet ( som er heimelekse og grunnen til at han får rikelig med PC'tid...).

Eg har ellers skygga unna slike prateforum. Når eg ser noken grøne prikkar i kontaktlista mi på gmail - vil eg frå no av prøve å ta kontakt. Kanskje det ikkje er så skummelt som eg trodde?

torsdag 7. oktober 2010

Oppgåve om blogging

Heisann!
Tida går fort etter kurset i Førde. Etter ei veke er statusen at eg klikker litt her og der og er kjempenøgd når eg får til noke!
Fortsatt litt overraska når det står at eg har publisert eller kommentert noke, eller har fått lagt til følgere.
Eg har nok brukt litt liten tid på dette, travle dagar på jobb. Ingen tid brukt sålangt i heimen...

Eg følger noken blogger, og har gjort det tidlegare og. Kjempekjekt å følge kjende som reiser jorda rundt, eller seglar over Atlanteren.

Nå skal eg sjølv ut på haustferie - Tyskland - så kanskje det blir litt "eksotisk" blogging - eller ikkje noke.
Ha ei rikitg god veke 41 alle mann!

tirsdag 5. oktober 2010

YES!

Kaffi kurerer mer ein gruff! No har eg klart å logge meg av som følger av eigen blogg. Ganske stolt, sjølv om bragden kanskje ikkje er so mykje å skryte av...

Kaffitid

Då har eg knekt koden ved hjelp av Siv på fylkesbiblioteket!. Tusen takk. Det var frustrerande å berre sjå og ikkje skjønne vidare blogging. Kluet var å logge seg på! - litt flaut, men idag har eg gjort så mykje rart at det kan no gå i badl for ein stakkar.
Vi ominnreiar litt i barneavdelinga - det skal gjerast plass til spelkonsollar, TV m.m.
Gleder meg til kaffismaken nett no.
Og til alle som ser eg har blogga meg sjølv - så vil eg berre sei at det var eigentleg ikkje meininga. Kanskje klarer eg å lære meg det og i løpet av dagen, midt i skranketid...