tirsdag 19. oktober 2010

Direkte kommunikasjon.

Hei igjen!
Har hatt ein flott haustferie langt vekk frå kursing og heimelekser.
Eg likar å feriere utan for mykje tekniske dubedittar - så då kunne me berre ha det so godt. Både Kielferga og Danskebåten tilbyr ikkje lenger anna ein trådlaust nettverk. So ta med laptop'en for dere som er avhengige...!
Direkte kommuniskasjon har eg ikkje so mykje eigenerfaring med. Det vil seie med ungdom og born i hus så har eg både skypa med "over there" venninnene til dottera mi (bak skuldra hennar), og stadig vore vitne til MSN prat som sonen min driv med (istaden for lekser???) samtidig som han høyrer på musikk og finn ut "alt om" vulkanar på nettet ( som er heimelekse og grunnen til at han får rikelig med PC'tid...).

Eg har ellers skygga unna slike prateforum. Når eg ser noken grøne prikkar i kontaktlista mi på gmail - vil eg frå no av prøve å ta kontakt. Kanskje det ikkje er så skummelt som eg trodde?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar